Vedtekter for Folkehøgskolerådet

1. Føremål og mandat

  • Folkehøgskolerådet er eit skolepolitisk samarbeidsorgan for dei norske folkehøgskolane og folkehøgskolerørslene.

  • Folkehøgskolerådet har sitt mandat frå og rapporterer til årsmøtet. På årsmøtet møter Folkehøgskoleforbundet (FHF), Noregs Kristelege Folkehøgskolelag (NKF), Informasjonskontoret for folkehøgskolen (IF) og Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole (IKF) ved leiar og nestleiar.

  • Folkehøgskolerådet skal ta seg av oppgåver til gagn for skoleslaget og skolane, og som ikkje er av rein fagforeiningskarakter.

 

2. Organisasjon

  • Folkehøgskolerådet skal kvart år ha årsmøte innan utgangen av april månad.  Årsmøte vert innkalla av Folkehøgskolerådet med minst ein månad varsel. Fullstendig sakliste må vere tilgjengeleg minst ei veke før årsmøtet.Årsmøtet skal godkjenne årsmelding og rekneskap og vedta handlingsplan og budsjett for Folkehøgskolerådet. Årsmøtet skal òg handsame og vedta endringar i vedtektene.

  • Ekstraordinært årsmøte vert halde når rådet eller minst ein av organisasjonane krev det. Det vert kalla inn på same måten som til ordinært årsmøte med 14 dagars varsel.

  • Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal.

  • Folkehøgskolerådet skal ha 6 medlemmer. FHF/IF og NKF/IKF har tre medlemmer kvar.  Leiar i FHF og NKF er medlemmer og skifter på verva som leiar og nestleiar i rådet. Den perioden leiaren kjem frå det eine laget, vel det andre laget to medlemmer. Når leiar av Folkehøgskolerådet kjem frå FHF, vel IF to medlemmer og når leiar kjem frå NKF, vel IKF to medlemmer. Begge kjønn skal vere representert med minimum 1/3 av medlemmene. Valperioden er på to år. Ved likt røystetal har leiar dobbeltstemme. Sekretæren arbeider etter instruks utarbeidd av Folkehøgskolerådet, og førebur sakene til rådsmøta. Sekretæren har tale-, forslags- og protokollasjonsrett på møta, men ikkje stemmerett.

  • Folkehøgskolerådet kan setje ned nemnder og utval til å hjelpe seg i arbeidet.

  • Folkehøgskolerådet peiker ut representantar til Nordisk Folkehøgskoleråd.

  • Oppløysing av Folkehøgskolerådet krev 2/3 fleirtal i årsmøtet. Framlegg om oppløysing skal vere fremma i sakspapira til møtet. Ved oppløysing av rådet skal eventuelle økonomiske midlar delast likt mellom FHF, NKF, IF og IKF. Eventuelle økonomiske forpliktingar skal òg fordelast likt mellom dei same partane.

   

3. Arbeid og oppgåver

  • Folkehøgskolerådet fremjar saker overfor Storting, departement, Utdanningsdirektoratet og allmenta. Folkehøgskolerådet skal arbeide for at folkehøgskolane får gode økonomiske, administrative og pedagogiske vilkår for drifta.

  • Folkehøgskolerådet arrangerer eit årleg møte for alle rektorane i folkehøgskolane. Folkehøgskolerådet kan òg arrangere andre kurs, møte og konferansar for tilsette og andre som er knytte til folkehøgskolen.

  • Folkehøgskolerådet skal leggje vilkåra til rette for pedagogisk utviklingsarbeid. Rådet skal også stimulere skolane til engasjement og samarbeid om tiltak som har med folkehøgskole og folkeopplysning å gjere – nasjonalt og internasjonalt.

  • Folkehøgskolerådet skal leggje vilkåra til rette for samarbeid mellom skolane, og samordning av økonomiske og administrative ordningar der dette er til felles beste.

     

4. Sekreteriat

  • Sekretariatet i Folkehøgskolerådet er ei sjølvstendig eining,  oppretta av Folkehøgskolerådet

  • Folkehøgskolerådssekretæren er dagleg leiar av sekretariatet.

  • Sekretariatet kjøper nødvendige tenester for å kunne utføre dei pålagde administrative oppgåvene.

5. Økonomi

  • Folkehøgskolerådet utarbeider eige budsjett.

  • Folkehøgskolerådet får og disponerer midlar til drifta via løyvingar på statsbudsjettet og frå skolane.

  • Folkehøgskolerådet dekkjer reise- og diettgodtgjersle for medlemmene i Rådet og underutval etter statens satsar. Til vanleg betaler ein ikkje honorar til desse.

  

Vedteke av årsmøtet i Folkehøgskolerådet i møte 19. april 2012. Gjeld frå 1. august 2012, revidert 17. april 2013.

Fhsr - Logo.fw.png